Konsesjonen:
I 2001 får
Rylansvåg Drift AS konsesjon
som inneheld vilkår for fleire tiltak,
deriblant legging av ny inntaksledning.
Etter inngrepa i elva har smoltanlegget blitt
seld til Alsaker Fjordbruk AS, og heiter i dag Salar Bruk
AS.
Smoltanlegget
fekk i 2001 konsesjon frå Norges Vassdrags- og
Energidirektorat (NVE) til å ta ut vatn til å produsera 2,5 mill smolt
pr. år.
Det vart lagt ny inntaksleidning til anlegget. Denne er 1 m. i diameter
innvendig og strekker seg 1500 m. inn i vatnet.
Elva ligg
sentralt ved bygdesenteret Vikebø i
Nordhordland. Mange i bygda var skeptiske til eit så stort rør i elva.
På direkte spørsmål
under eit bygdemøte svara representant frå smoltanlegget at leidninga
skulle sprengas ned og skjulast under botnen.
Det gjekk også fram
av vilkåra i konsesjonen at leidningen skulle skjulast i elvebotnen og
vi såg dette som viktig for bruken av elva til fiske- og
rekreasjonsføremål.
Vi stolte også på at
dette ville bli gjort.
Inngrepet:
Konsesjonshaver utførte ein stor sprenge- og grave jobb i elva somrane 2005 og
2006 og leidningen vart lagt i juli 2006.
|
Vi
reagerte straks på at leidningen ikkje
var skjult, men låg oppå elvebotnen og avstanden
frå vassflata ned til leidningen var fleire stader ikkje meir enn 0,5 meter.
Den er i
dag godt synleg gjennom vatnet. Den er skjemmande og til hinder for fiske.
Grunneigarlaget sende klage til Olje- og energidepartementet (OED) på at NVE aksepterer
arbeidet sjølv om det ikkje er gjort etter NVE sine eigne vedtak
og heller ikkje slik konsesjonshaver lova i forkant av arbeidet.
Seinare har det vist seg at NVE ikkje har godkjend alle
detaljplanar slik konsesjonen krev.
OED gjev avslag på klagen. Departementet har lagt
vekt på at ytterlegare tiltak vil vera lite forenlig med
hensynet til å redusera flaum. Dei meiner og at det er det
beste for ålmenta å unngå fleire tiltak i elva.
Forutsetningen om at vassledningen ikkje skulle vere synlig
meiner dei er oppfylt ved at vassledningen ligg under
vasspeilet. Dei støttar dermed heilt ut NVE si uttale.
Sivilombudsmannen reagerer.
Hausten 2010 utfordrar grunneigarlaget Sivilombudsmannen (SOM)
på om konsesjonen er fulgt.
|
I februar 2011
ber SOM om at
OED må vurdera saka på nytt for å finne løysingar som gjer
at konsesjonsvilkåra vert oppfylt. SOM kan vanskeleg sjå at
noverande ordning stettar konsesjonsvilkåra.
OED endrar syn. Etter ein ny vurdering meiner
OED at teksten i konsesjonen må tolkast slik at
leidningen skal skjulast under elvebotnen. Dei slår
fast at tiltaket ikkje er i tråd med forutsetningane i
konsesjonen. Deira løysing på konsesjonsbrotet er i midlertid å endre teksten slik at konsesjonen
passer med det utførte
arbeidet. Meland kommune støtta forslaget, som vart vedtatt i mars 2012.
At røret ikkje er lagt etter arbeidsteikningane
eller slik konsesjonshaver sa i forkant, er ikkje vektlagt. Heller
ikkje at konsesjonshaver har unnlate å levere detaljsøknad for tiltaket
til NVE for godkjenning, slik konsesjonen krev.
Neste tiltaket i konsesjonshaver sine planer er
no å bygge om demninga mellom Bjørndalsvatn og Rylandsvatn. Dei vil og
bygga kjøreveg til demninga.
Det er grunn til å følga med.
|